- Project Runeberg -  Bondestudentar /
100

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

100

Presteson. Han saag ikkje ut som Bondegut; han
hadde ikkje dette breide, dette . . . kraftige yver seg
som dei, og serleg var Andlitet altfor fint, og Munnen
for klaart formad. Endeleg fekk Daniel vita, at Jens
Rud var Son av ein Storbonde her upp av Kristiania,
og han totte det var merkjelegt, at ein slik kunde
vera radikal.

Til Ruds Flokk høyrde Halvor Mosebø, ein liten
rundryggjad, gulbleik Teledøl med ei Nos som ein
Sadel og eit Par myrkegraae, tungsindige Augo, som
syntest smaae under dei hengjande, posne Augnelok;
men i Augnekrokarne lo det stundom; for Halvor
Mosebø var eit kvikt Hovud. Daniel fekk imot han,
fordi det viste seg, at han kunde meir Historie enn
han sjølv kunde; men det gjorde, at Daniel tok til
aa lesa Historie att. Dessutan »Sven Dufva« elder
Per Brageland, ein høg, nakkebøygcl Gut med tvo
klaare, rædde Gåselle-Augo, truskyldig og snild som
ein Saud. Han var »Pughest«, høyrde med til desse
Maurarne, som tagde og strævad, tagde og strævad,
forstod ikkje alt, men sette det i seg, grov seg stillt
gjenom Bok etter Bok, gjenom Eksamen etter
Eksamen, — »indtil de endeleg bleve salige«, som Olsen
den fyrste sagde, d. v. s. til dei fekk seg eit Kall
der nordpaa elder vestpaa, fordi dei var so gamle,
elder fordi dei hadde Kona og Born aa forsyrgja.
Um Per Brageland hadde Jens Rud sagt, at »ett
dåligt hufvad hade han, men hjertat, det var
godta, og sidan vart han heitande Sven Dufva.
Endeleg reknad dei Markus Olivarius Markussen med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free