- Project Runeberg -  Bondestudentar /
96

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

96

Aanden«, som aldri hadde voret sterk, døydde
etterkvart reint ut; Klassen skilde seg sund i Smaaflokkar,
og dei, som ikkje hadde nokon Flokk aa sokna til,
gjekk og tuslad aaleine.

Det, dei snakkad mest um, var væl det, dei
hadde minst av, nemleg Pengar. Den, som hadde
Pengar! Den som var rik! den Visa gjekk fraa
Morgon til Kveld. Men stundom talad dei um
Politikk, Tru, Maal, Nasjonalitet; og kom dei innpaa
slikt, kunde dei verta varme. Heilt fraa Hausten av
hadde dei skilt seg ut i ulike Meiningsflokkar; der
var liberale og radikale, der var »norske« og
»norsk-norske«, Kosmopolitar og Maalmenn. Dessutan var
der ein Flokk »meiningslause«, som »ikkje brydde
seg um Politikk«. I Trui var der like eins
Meiningsskilnad; der var fleire Grundtvigianarar, helst av dei
eldre Seminaristarne, og um Jens Rud og eit Par
andre vart det sagt, at dei skulde vera
Ny-Rasjonalistar. Men uppi øvste Klassen skulde der jamvæl
finnast Folk, som ikkje trudde paa nokon Ting.

Men med slike Gutar gjekk det no som det
kunde. Dei kom her inn unge og faakunnige, misste
si Barnetru og hadde ingenting aa setja istaden;
helder ikkje hadde dei moralsk Utvikling til aa bera
eit slikt Tap. Naar dei so misste Trui, so misste
dei si moralske Jamvigt med det same, og laag daa
snart og dreiv med Kjølen i Veret. Hans Haugum
og Johannes Ortvedt kjende fleire Døme paa dette.

Soleiå nemnde dei ein Rødberg, som so vidt
hadde fuskat seg fram til Student iijor Haust, men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free