- Project Runeberg -  Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / Årgång XV. 1928 /
49

(1914-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Norsk boksamling grunnlagd av Anton Aure. Ved Sigmund Skard, Olso

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

NORSK BOKSAMLING GRUNNLAGD AV ANTON AURE 49

lokale prenteverk, eller som utklyppsbeker i avisor. Dei fleste prentarar hev
like til seinare tid teke retteleg store tillegg for landsmålssats: det 6g er eit
ikkje lite ekonomisk press. Dertil var sjelvsagt ein stor part av
landsmålslitteraturen i og for seg bygdelitteratur, som ikkje tenkte på anna publikum
enn bygdefolket, og sjeldan nådde vidare heller. Endeleg var månge av desse
bekene beinveges etla til /o/&elesnad, vart spreidde gjenom kolporterar og
kom i hendene på folk som av gode grunnar ikkje hadde bibliofil-interessor,
just. Upplagi var små — alt tilsaman tilheve som legg vanskar i vegen for
samlaren. Endeleg kom ein serleg vande til: enda Aure byrja heller seint,
var spesialet hans enno lite uppdaga som samle-objekt; han kunde difor
sakte rekna med låge prisar, men effektivt bokbyte med andre interesserte
fekk han fyrst seint i stånd. I staden fann han då sers nyttige hjelpesmenn,
serleg konservator R. Berge i Skien og prof. T. Hannaas i Bergen; som
brevskiftet åt Aure til fullnads syner, hev ikkje minst den siste sin part av
aera for, at Aures bibliografiar vart so innhaldsrike som tilfelle er.

På andre sida gjorde Aure sjolv med vitende og vilje arbeidet
vanske-leg for seg. Han lagde frå fyrste stund rama vidt. Alt på meir enn 4 sidor
skulde med i bibliografien — forretningsprent, serprent og utklyppsboker
or avisor; og han samla på det som mindre var ög. På ein mate var det
ein styrke ved arbeidet hans, dette. Det hev vore lasta at han (i band 1 av
boklista) tok med mykje småprent utan litteraert verde; og han vilde nok
gjerne at katalogen hans skulde »fylla i handi», det er so. Men frå hans
synsstad var det ikkje einaste grunnen. Han såg «språkstatistisk» på
spurs-målet; nynorsken hadde i 400 år vore ubrukt som praktisk forretnings- og
styringsmål; det var verdfullt å leita fram dei fyrste freistnader på å taka
han i bruk att — nett avdi det her galdt uvislege småprent som vert burte
naersagt med same. Bibliografisk var det tvillaust gale å fera upp slikt som
boker; historisk set hev desse priskurantar og bankreglement ofte långt meir
interesse enn mång ein ruvande «roman».

Korleis no dette mun ha seg — arbeidet vart dermed vanskelegare.
Dertil var Aure det meste av livet sitt ein faiig mann, i vissa til boksamlar
å vera. Han fortel sjelv ein stad, halvt orsakande, korleis han byrja samla
(Ungdom og beker, 1. c): «Eg var den tid heime hjaa far og hadde mest
ikkje nokor innkoma. Men eg nytta dei faae skillingar eg kunde spara til
boker. Eg kjopte aldri rusdrykk og aldri tobak liksom kammeratarne mine
pla gjera. Eg trur mest eg spara paa klaedi au; eg hev i vissa aldri tykt eg
hadde bruk for so månge fine ’dressar’ som månge av dei eg hev vore i
lag med. Paa den visi fekk eg fleire beker um aaret enn eg hadde vaaga

4 — 27471. Nord. tidskr. för bok- och biblioteksväsen IQ28.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:12:31 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokobibl/1928/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free