- Project Runeberg -  Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / Årgång I. 1914 /
354

(1914-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

354 OLUF KOLSRUD

tage, at det er et Missale for Viborg Stift». Ellen Jørgensen1 meiner og,
at boki »røber sig som Missale Vibergense just ved den Hæder, som ydes
St. Keld». M. CL Gertz2 trur, at M »sikkert maa have tilhørt en eller
anden dansk Kirke», og nemner kva Lange »har formodet».

Me vil her freista aa prøva den gissing, at missalet i Riga er prenta
til bruk for Viborg biskopsdöme.

At M er dansk, turde vera utanför all tvil. Ikkje berre er nemnt
karakteristiske danske heilagmenne som Kanutus dux (7. januar og 25. juni),
Kanutus rex (10. juli), Wilhelmus abbas (16. juni), Theodgarus presbyter (30.
oktober) og Ketillus confessor (11. juli) og sjølvsagt Olavus rex (29. juli). Men
det er og aa merka, at millom dei store festdagarne i kalendariet finst
Anscarii 3. februar, som vert halden likeins i Lund, Kaupenhamn, Aarhus
og Slesvig, men elles i Danmark og i heile Upsala provins 4. februar og
ikkje som festum fori, — og Vilhadi 8. november, som og er festum fori i alt
Danmark3, men elles ikkje vert halden i Skandinavia. Desse heilagmenne
høy rer heime i Bremen og vert dyrka i all provinsen Hamburg-Bremen, og
derifraa er dei komne til Danmark som jo f raa fyrsten hev vore kyrkjeleg
avhengjande av den nordtyske metropolen. — Men og staar M
gjenomgaa-ande dei danske kalendaria nær, samstundes som det er større eller mindre
skilnad millom det og dei andre. Det materialet, som staar til reide ved
samanlikning4, er noko ujamnt: Lund missale 1514 og breviarium 1517,
Kaupenhamn missale 1510, Roskilde breviarium 1517, Odense breviarium 1497,
Aarhus breviarium 1519, Slesvig breviarium 15125; eg hev ikkje havt høve
til aa granska Odense missale 1483, Slesvig missale 1486 og Odense
breviarium i utgaavorne 1482 og kr. 1510. Men ei grannvar samanlikning
millom dei fyrst nemnde og M syner, at M høyrer til same flokken som desse,
men do er heilt sjølvstendugt og ulikt deim alle.

Samanliknar me reint statistisk festarne (ikkje medrekna vigilierne) i Ms

1 Helgendyrkelse i Danmark (Kbh. 1909), s. 55, jfr. 10.

2 Vitae Sanctorum Danorum (Kbh. 1908—12), s. 2572.

3 At Vilhads-dyrkingi »næppe (er) naaet ud over Jyllands Grænser» (Th. B. Bang i
Danske Studier, 1909, s. 193; jfr. Ellen Jørgensen, Helgendyrkelse, s. 9—10) er soleis ikkje
rett, iminsto ikkje for slutten av millomalderen.

4 I Aarsberetninger fra det kongelige Geheimearchiv, udg. af C. F. "Wegener, I (Kbh.
1852-5), Tillæg, s. 4—22, finst »Alphabetisk Register over Helgendage og andre Dages og
Tiders Navne, som findes i danske eller nordiske Historier eller Documenter. Et revideret
og forøget Aftryk af Langebeks Helgendagsfortegnelse». Denne lista er ubrukleg til det
formaal, her er tale um,

5 Kalendaria fraa desse bøker er prenta uppatt av H. Grotefend, Zeitrechnung des
deutschen Mittelalters und der Neuzeit, II: 1 (Hannover 1892), s. 226-9, 219—23, 232—4,
229-32, 215—7, 164-7.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:08:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokobibl/1914/0380.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free