- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
89

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8. Samanknyting og framattkalling av fyrestellingar hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

89

er det å lata barnet få lov til å fortelja heime um kva
dei har for seg på skulen. Eg segjer «få lov», for barnet
vil gjerne gjera det dersom det ikkje har vorte «burtstøytt»
for ofte av den eller dei det kjem og vil fortelja til. Skulen
og arbeidet der må ikkje verta noko som dei heime ikkje
har nokon kjennskap til log som dei ikkje bryr seg um.
Barnet må skyna og kjenna det, at foreldra fylgjer det
med tankane når det er på skulen og. Og gjenom dei
samtalar som serleg ei god mor so lett vil kunna få til
med barnet um det barnet lærer og upplever på skulen
— og kanskje utanum skulen og — vil ho få ei god hjelp
til å fylgja med i barnet sin åndelege vokster i denne
kritiske tid. Ei vanskeleg tid er det, det er visst. Og det
bør kvar uppsedar vita. Men denne vansken er det ikkje
råd å koma utanum. Han må vinnast over, som so
mange vanskar i livet. Men her gjeld det so mykje, at
ålvorlege uppsedarar vil knapt finna noko offer for dyrt
kann det berre føra mot målet.

Me vender no attende til dei vitskaplege reproduksjons*
prøver som det har vore gjort med born, og det desse
eksperiment har lært oss. — Tek ein reproduksjonsprøvene
soleis at det berre vert spurt etter det fyrste ordet som
kjem i tankane etter at verkeordet er høyrt, so kallar ein
det fri reproduksjon. Men ein kann og stilla det krav til
svarordet, at det skal stå i eit visst høve til verkeordet.
Då kallar ein det bunden reproduksjon. Ein kann t. d.
krevja at svarordet skal høyra til same sansingsumkvervet
som verkeordet: raudt — gult; beiskt — surt. Eller ein
kann krevja at svarordet skal vera namn på ein lut av
det heile som verkeordet nemner, eller umvendt: svarordet
skal høva til verkeordet som det heile til delen. Døme :
hus — dør; blad — tre. Ein kann og krevja at verkeord
og svarord skal høva til kvarandre som årsak — verknad
eller verknad — årsak. — Som me lett vil skyna, kann
desse prøvene verta skipa soleis, at svara vert å finna
innanfor visse mindre eller større fyrestellingskrinsar. Og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free