- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
11

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

11

ta uppatt det! «Vonde tankar skal ein møta på
dørstokken!» Ja for elles slepp dei inn i hugen din. Og
når dei fyrst hev sloppe inn, er det meste rådlaust å
få dei ut att.

Eg veit ein gut, han heitte endå Per. Han hadde
late syndige tankar få makt yver seg. Då han vilde
jaga dei ut, fekk han berre spottande svar: du trur du
kan jaga oss ut du! vi har sett oss fast vi, og renner
rundt i hausen din! er vi fyrst komne inn, fær du oss
ikkje ut att. Henrik Ibsen skreiv ei heil bok um den
guten. Per Gynt heiter boki. Per vart bannlyst frå
heimen sin, liksom Kain, av di han ikkje heldt syndi
i age. Hadde berre Per Gynt bede Gud og menneske
um tilgjeving, og umvendt seg! Men det vilde han ikkje.
Han hadde lært seg eit ulukkelegt ordtak: gå utanum,
sa bøygen. Heile tidi gjekk han utan-um ansvaret,
utan-um sanningi, og fuska seg fram i verdi heile sitt liv.

Hadde Kain opna hjarta for Gud og bede Gud um
hjelp mot dei vonde tankane, so hadde han vunne yver
dei. Gud sa so kjærleg: du skal få styrke til å halda
syndi i age. Det var eit evangelium det! ein kjærleg
lovnad!

Beste rådi mot stygge tankar, det er: å leggja i hop
hendene og be til Gud. Eette vegen er å høyra på det
Gud segjer og lyda han. Gud vil deg vel, det veit du.
Han vil ikkje ta ifrå deg noko som er godt. Berre det

som er til skade for deg, det segjer han du må forsaka.

*



Det heitest at Kains etterkomarar vart dugande
folk. Ja det var bra nok. Dei vart glupe smedar, både
jarnsmedar og koparsmedar. Dei vart jamvel diktarar
og spelemenner. Alt sovore er Guds gaver til oss
menneske. Men kva munar det alt når vondskap og råskap

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free