- Project Runeberg -  Barndomsminne /
11

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og skulde ha eit papirark å skrive teaterstykke
på. Av godt hjarta gav han meg eit lite
glans-bilacte attpå — so stort som eit vanleg brevkort.
Det var nok til at eg dansa burtyvi heile
Strandgata. Denne strålande gåva skulde gjera den vesle
skule-skålen til ein stor og løyndomsfull skog,
der ein gut møtte Urdra1 og vart bergtekin —

Ferdinand fekk lov å be framand på
årmåls-dagen sin og velje kven han vilde.

"Bare Hulda," sa han og nikka djupt og
ål-vorsamt. Eg stod ved sida hans og hoppa av
giede.

Og eg kom, heit av spaning og lukke. Me
vart sett på kvar si side av eit lite lågt bord og
fekk vår rikelege mette av risengryns graut.

Og då synte Ferdinand, at han var ein
rid-darsmann som ingen annan gut eg kjende. Han
tømde heile sukker- og kanelskåli yvi min graut,
endå sukker og kanel var det beste han visste.
Rart var det ogso med det der i huse, at gjesten
fekk fleire gåvor enn "geburtsdagsbarnet".

Slik var fru Weidemann.

I tvo år vara kjærleikslukka vår. Kvar dag
var me saman. Han kom med "Dada" og henta
meg so visst som soli rann, ja endå um det var
både regn og rusk.

Men ein dag sa mor, at eg ikkje kunde få

’ Urdra: Huldra.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free