- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
165

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

65

Bondeungdomen ligg tidt under for snobbeskap, som
lokkar burt frå jord-arbeidet. Eg freista lyfta
jord-arbei-det upp i Guds ljos og varme.

Arbeidet er ikkje ei forbanning for syndi skuld, som
dei gamle hadde lært oss. Arbeidet er Guds arbeid. Me
menneske er Guds med-arbeidarar.

Og arbeidet med jordi er meir enn noko anna ein lut
av Guds skapar-verk. Jord-arbeidaren er med og skaper
mat til svoltne munnar. Det er eit eventyr «når våren kjem
her nord, og atter som eit under nytt liv av daude gror».
Dei millionar bakteriar som jord-dyrkaren sender ut
yver åker og eng, dei er Guds englar som skaper liv!

Var det ikkje turvande å preika um dette?

Var det ikkje naudsynlegt å prenta inn i ungdomen
at kropps-arbeid er like fint som ånds-arbeid ? at
kroppsarbeidet skaper helsuge og friske menneske?

Fabrikk-arbeidet laut eg taka undan, mesteparten av
det. Fabrikk-arbeidet gjer tidaste arbeidaren til ei
maskina, som ingi arbeids-gleda kjenner. Eg bad
bondeungdomen ha medkjensla med fabrikk-arbeidarane.

Men elles krev kropps-arbeid både vet og hjartelag.
Det gjeld handverk. Det gjeld jordbruk.

Det er gamaldags tankegang at det ikkje trengst
kunnskap til å vera bonde. I gamle dagar kunde ein gardmann
seg ja um sønene sine: han Nils er so næm, eg lyt kosta
skule på han, so han kan verta noko! men han Ola er ein
tosk, han lyt vera heime og dyrka jordi. Me skynar i
våre dagar det skal ingen tosk til å greia jord-arbeidet!
det krev sin mann, kanhenda endå meir enn noko anna
arbeid.

Eg var fegen eg kunde fortelja døme frå
folkehøgsku-lane som peika rette leidi.

Ei gjenta var glup til å rekna. Einkvan sa med henne:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0167.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free