- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
146

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Bang

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

146

Eg minnest ein teologisk «seksa» i 1886, der eg hadde
professor Bang til bords.

Sverre Vigander, som var formann i «teologiske
studenters forening», fekk i stand ei festleg samkoma. Me
bad til gjester kyrkjeministeren Jakob Sverdrup, biskop
Essendrop, alle teologiske professorar, alle lærarane ved
det praktisk-teologiske seminar, og so dei som hadde
halde foredrag for oss det semestret; millom deim var
gamle sokneprest Deinboll, som hadde halde foredrag
um kvinne-emansipasjonen.

Deinboll heldt ei bord-tala på seksaen. Han nemnde
at hans gamle far hadde lagt han på hjarta frå ungdomen
å sjå sympatisk på alt menneskelegt: «Homo sum, nil
humanum a me alienum puto! Han var en gammel
latiner, derfor sa han det på latin. Jeg har forsøkt å følge
hans råd, og således kom jeg også til å interessere mig
for kvinne-emansipasjonen.»

Då sette professor Bang i å le. Og etterpå tok Bang
ordet: «Jeg er ikke enig med den siste ærede taler i at
kvinnen har så lite å si. Tvert imot. Er mannen kvinnens
hode, så er kvinnen mannens hals, og hun dreier hodet.
Det har jeg selv erfaret. Det hendte at kirkefolk takket
mig for den gode preken jeg hadde holdt, så jeg var fristet
til å få store tanker om mig selv som taler. Men når jeg
kom hjem, møtte kanskje min kone mig med de ord: det
var riktig en elendig preken du holdt i dag! Det hadde
jeg godt av. Og jeg vil ønske mine herrer teologer at de
må få en slik hustru, at hun blir halsen til hodet!»

Deinboll, som fyrstundes vart nervøs yver Bangs
motlegg, smilte til sist: «De er humoristisk De!» «Åja
det slenger av og til,» sa Bang.

Ved seksaen var det sjølvsagt eit vanskelegt skjer å
koma utanum politikken. Jakob Sverdrup var i dei åri eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free