- Project Runeberg -  Forteljingar /
161

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLI 161

Vetren gjekk med aur og saur . .. faren knurra
yver veksande utgifter, og mori sutra, og stengt vart
det paa alle kantar. Asbjørn gifte seg ved desse
tider, og Sigri vart myrkare og myrkare i hugen.
Det var som eitkvart grov og tærde henne reint upp,
som ikkje gav henne fred natt elder dag. Men ein
dag ut paa vaaren, daa solvarmen steig i lufti, vart
det heiltupp natt i hennar tankar; ho vart reint ifraa
seg, og dei maatte passa henne som eit barn.

Ei sumarnatt stal ho seg ut ifraa gjenta som
dei hadde sett til aa halda vakt yver henne. Det
hadde skote henne i hugen, at ho endeleg maatte
paa sætri. Ho hadde so mange kvite kyr gangande
der uppe, og dei venta paa henne.

Ho sprang burt yver vollen i dagningi; haare
flaksa laust i vinden, og ho rødde heile tidi med seg
sjølv um buskapen sin. Ho tottest vera rædd, at
einkvar var etter henne, og ho sprang upp yver
bakken, som det skulde gjelda livet. Ho datt og slo
seg so blode rann, men vyrde det ikkje, berre dreiv
paa uppyver brekkorne.

Himmelen var klaar og blank, mark og lid stod
so fagre, medan dagen breidde seg ut yver fjell og dal.

Daa ho kom uppaa brote der ein ser yver aat
den store fjellheimen, seig ho ned, medan ein blod-

straum stod henne ut av munnen.
11

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free