- Project Runeberg -  Forteljingar /
149

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLI 149

legdomen, og var so usæl, at ho mest gjekk fraa
vite.

Ho hadde alt ho berre peika paa; men hennar
sæle gode smil var burte, og blomen folna paa hen-
nar kinn, og der var ingen glans lenger i dei store
augo, — ikkje saag ho ut lenger som ho hadde
noko fagert aa tenkja paa. Kald og gulbleik hadde
ho vorte, mager og mjaa ...

Ho kunde ikkje lenger tala blidt til han Nils.
Han skyna henne ikkje; han var for grov og raa,
og naar han gjorde narr av dei bøker ho heldt for
dei gildaste, kunde ho verta so arg at ho gret.

Paa Storevik var det so mykje som var løglegt
i grunnen; men det hadde ho ikkje auga for. Naar
gamlen kom og klaga seg, at han var so jammerleg
trøytt og sliten av aa sitja I sofaen og røykja, og
han Nils ei stund etter kom og sa det same, endaa
han hadde gjort plent det same som faren, so kunde
ho draga paa smilen. Men berre ein augneblink

. SO kom hugsotti yver henne og gjorde alt svart.

Um vaaren var det vondt, um sumaren verre.
Jonsokbil tok det til med ein gresjeleg hite, og ho,
som var vand med fjellufti, vart beint fram sjuk.
Ho høyrde kvar ljoden . . berre mannen hennar raut,
var det henne umoglegt aa sova; ei fluga kunde
halda henne vaki halve natti, og um dagen var det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free