- Project Runeberg -  Forteljingar /
145

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLTI 145

So det var sutemaal aa lya paa dei. Dei førde seg
reint som storkarar der uppe i den arme fjellbygdi,
saag med haadleg vanvyrdnad ned paa alt det gamle
stelle der i bygdi, bisna paa alt, og forbanna seg
paa at soleis hadde dei livt nedi flatbygdi og for
nokre tusund aar sidan. Men no var det avlagt alt
sovore der nede; dei hadde lært folkeskikk no, maa’ta.
Dei meinte visst ikkje noko større med det; hadde
det i det heile ikkje med aa tenkja yver det dei sa;
men det stakk henne med kvasse oddar, og ho tok
til aa hata dei alle saman, baade deira skryt og deira
folkeskikk, — jamvel maale syntest ho var flatt og
breitt og stygt.

Ho gret som ho var dengd, den dagen ho flutte
heimanfraa. Otten i henne voks, og ho tyktest vita
for visst, at det maatte koma ei ulukka av dette

giftarmaale.

Mest ein halv dag reiste dei paa jarnvegen, og
kom so til Storevik.

Det var sant som han hadde sagt, Nils; der var
store og gilde hus paa garden, og mange var dei og,
So det saag ut som ein heil liten landsby.

Stova der dei unge skulde bu var nett uppatt-maala,

.og fin var ho baade ute og inne. Store rom og høgt
10

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free