- Project Runeberg -  Forteljingar /
116

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

116 VETLE VISLIE

Han laag med læste hender og sukka og bad.
Eg saag snart, at han ottast dauden; men eg kunde
ikkje merka, at han lengta etter Gud elder ynskte
med all sin hug aa verta eit heilt nytt menneskje.

Daa eg hadde sete eit bil og røtt med honom,
baud eg farvel og gjekk, i det at eg lova aa koma
att den andre dagen.

Eg var hjaa honom dag etter dag, baade morgo
og kveld.

Daa eg skyna han var so tregefull for sine
synder som ei menneskja kan verta, tok eg til aa
tala for honom um Kristus, korleis han leid for alle
heimsens synder.

Andlite hans tok til aa lysa av heilag sæla, og
ein dag eg kom til honom, møtte han meg med eit
forklaara smil.

— Jau, no trur eg at eg er frelst.

Og naar han tala um korleis Gud hadde teke
angesten og otten or hans sjæl og skapt den sæla
som ikkje kan utsegjast med ord, var han so glad,
at eg for min part maatte tilstaa, at eg aldri hadde
vore so glad.

Nokre dagar etter var presten hjaa honom. Han
kom uppum og takka meg for det eg hadde gjort
for Torgrim . .. slik sorg yver syndi og gleda i Gud

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free