- Project Runeberg -  Forteljingar /
114

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

114 VETLE VISLIE

ner den sæla ein sovoren kjenner, naar synderne
hans er sletta ut.

Eg kjende det elles paa meg, at eg ikkje tenkte
rett, og bad til Gud, at han vilde gjeva meg eit betre
hjarta. Mor kom med ny bod, og ein morgo vann
eg so vidt yver meg sjølv, at eg tok bibelen med meg
og gjekk.

Stova han budde i, laag tett under ei svart ufs.
Utanfor stoveveggen var det eit lite nybrot, stort
paa lag som stova, saatt med jordeple og nokre
næpor. Eg tenkte paa, at det maatte vera fælt aa
bu der, mest uhuglegt for folk som var so godt
vane som Ingebjørg og Torgrim.

Sjølve stova var liti og laag, berre eit rom. Tvo
vindaugo mot sud tok mykje ljos inn. I eine kraai
hekk nokre klæde, og paa ei hylla yver borde laag
eit gamalt dragspel.

Ingebjørg sjølv var bleik og turr. Ho var uflidd,
og sat burtmed glase og gav den vesle barnsungen,
daa eg kom inn. Ho sette barne ned paa golve og
fann fram ein krakk ho baud meg.

— God dag, sa eg, og Guds fred i huse!

— Gud signe. Det var so vidt eg kjende deg
att, — du hev forandra deg svært du au.

Eg saag kor ho stridde med graaten ei lang
stund.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free