- Project Runeberg -  Forteljingar /
107

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TOBGRIM OG EG 107

og ein annan hadde fenge den fisken, vilde eg ynskt
at han hadde gjeve meg honom.

Dagen etter kom mor og spurde, um eg vilde
hava fisken til middag, elder um ho skulde gaa ned
til Torgrim med honom.

Eg svara, at det hasta vel ikkje so svært. Han
hadde godt av aa verta saltbiten.

— Men no i sumarvarmen kan det so snøgt
koma makk i ”n, sa ho.

— Salt ”n vel, so held han seg.

Men eg fekk ikkje fred. Eg slost med meg sjølv,
til eg til slut vart so arg, at eg bad mor taka honom
med til Torgrim, so fort ho kunde.

Ho kom att med mange helsingar og nye bøner,
um eg ikkje vilde koma der ned. Han var so sjuk
no, at det ikkje var godt aa vita tidi og timen, og
ingen var det som kunde røa med honom paa ein
kristeleg maate.

Nei, eg hadde ikkje hug til aa sjaa honom att,
slett ikkje. Det var som alt i meg gjorde uppreist,
og eg gjekk ifraa henne utan aa svara eit ord.

Kva Torgrim Midbø hadde synda imot meg?
Mykje og mangt, totte eg det var. Berre eg tenkte
paa det, kunde eg verta raud av harm endaa.

Me var jamaldringar, eg og Torgrim, og gjekk
saman paa skulen. Glupe var me baade til aa lesa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free