- Project Runeberg -  Forteljingar /
99

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

VARSEL 99

— Ja, eg er feig!

Tone reiste seg og sukka, gjekk so burt aat
glase og saag ut.

— Det er vel vent ute no? spurde Dagny.

— Ja, det er grønt .... i natt spratt lauve burti
bakkarne.

— Aajeie meg, som ikkje fær sjaa sumaren!

Ho tok til aa graata. Tone gjekk burt aat
sengi og tok henne i handi; ho var mest paa
graaten, ho og.

— Lat upp døri, reis meg so upp i sengi, er du
snild, so fær eg sjaa ut.

Vaaren anga inn til dei, og dei høyrde susing
fraa skogen. Tone tok ein spøtsokk og sette seg
innmed sengi. Dei tagde baae ei lang stund. So
sa Tone: «Ja, det hender mangt rart . .. eg kjem
i hug noko som me høyrde der heime i vetter . .
det var endaa millom jol og nyaar. Eg og tenest-
gjenta var so snøgt uppi lofte um kvelden; daa tok
det til aa duna og livast med nokre bord som laag
under stabbure. Me tenkte det var kararne som
vilde skræma os. Daa me var komne inn att, sa
eg: «De fekk daa ikkje skræma os likevell» —
«Me — me hev kje vore nokon stad,» sa dei. — «Hev
ikkje de? Kven var det som var under bure og
heldt leven med bordi?» —Dei svor paa, at dei hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free