- Project Runeberg -  Forteljingar /
62

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

62 VETLE VISLIE

reint makalaus. Og slik som han hadde halde av
den guten, endaa han var med dei viltraste skule-
born han hadde havt. Men det høyrde til, det, veit
du .. var det kje so han sa, Alexander den store:
Den villaste folen vart den beste hesten, berre han
vart tamd?

Daa Nils hadde sloppe fram for presten, la han
og eit par andre seg saman og sende honom paa
ein latinsk skule i Kristian, og der øydde han
daa burt pengarne, plent som den «forlorne søn».
Ingen ting lærde han, og heim att kom han som
ein fant.

Han sagga og seig uppetter bakkarne, til han
saag det lyste i glasi paa Bratterud. I alle glasi.
Merkjarane var vel alt komne, og no heldt han
daa kalas for dei, han Nils; det hadde han alltid
raad til. ... Fusk og fanteri för han med, lova bita-
ling kvar gong han hadde kravt, men gløymde
jamt dagen.

Johans stansa utanfor forstova og stod eit bil
’og lydde. Jau, det var likt til der var leven der inne
.. dei lo, skravla og slo i borde, banna og bar
seg plent som fantepakk .. det var sovore dei kalla
«dannelse» her i bygdi.

Han tok ei vedskida og banka paa forstov-
klædningen. Stod og venta; men det kom ingen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free