- Project Runeberg -  Forteljingar /
57

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

EIN SNILD MANN 57

Guri fenge anna kjennt! No skulde han, til takk for
alt han hadde gjort for henne, faa høyra at ho gjekk
ikring i gardarne og kalla honom ein dott. Plent
som mori ... . ho hadde teke livslukka hans, ho, um
han maatte segja so stort eit ord. .... Han kunde
fenge seg ei gild kona, han, um ikkje dei degerens
kvinnfolki hadde vore. Dei gjekk og rødde vondt
um gjenta baade seint og tidleg, meinte at ho vilde
setja honom til veggs med det same. Han kunde
faa hug til at gaa fraa det alt saman stundom, og
hadde han ikkje vore so gamal og so rædd for aa
døy paa sjoen, so hadde han reist til Amerika longe
sidan ...

Han hadde stansa med hoggingi, og stod og
tenkte og tenkte. Imedan kom Guri ut i skjole.

— Eg kan kje skyna, kva du tenkjer paa, sa
ho. Nei, um eg det kan. Fyrst laaner du burt
pengarne dine til denne skarven paa Bratterud, og
naar du ikkje fær dei, so stemner du honom ikkje

. som andre menneskje gjer. Du lét honom drikka
og dusa, du. Du segjer posten din fraa deg, og fær
ikkje follogs braud av staten som dei andre, du var
kje sjuk nok til det, sa du. Du er daa, degeren
far i meg, kleinare med helsa du en baade Leiv
klokkar og Per Bustrak .. dei sit paa gardarne

Follogs braud: føderaad, her: pension.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free