- Project Runeberg -  Forteljingar /
48

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48 VETLE VISLIE

«No skal me ikkje lida noko naud,
no hev me fenge baka kon braud.

No hev me gjort kon fire pælar malt,
trur du kje me skal bryggja det alt?

Hei daa mi gjenta, kom no til meg,
so skal du bryggja øle for meg!»

Han saag ikkje upp. Trødde takten hardt med
hælringa styvlar, til sidemannen nugga i honom.

Dei mange andlit snudde mot honom, dei mange
augo stirde. Det gjekk som ein sukk gjenom heile
rome, daa han slutta.

— Jakob reiste sig. Han læste henderne hardt og
gjorde ei lang bøn.

Dei hadde i denne kveldstundi lært, at dei «hadde
ikkje strid mot kjøt og blod, men mot fyrstedøme
og magter, og mot ondskabens aandelige hær under
himmelen.» Ikkje her ein gong kunde ein vera trygg
+++ Jamvel her kom han inn, den gamle slangen,
der det var lyst heilag fred yver huse.

Gud hjelpe honom, som den vonde soleis hadde
freista yver evne, at han maatte faa naade til aa
trega den store syndi, og venda um, medan det enno
Får tid, .å

Han var ferdig og sette seg. Dei stirde alle paa
Ivar; dei venta han skulde tala. Men han kunde
ikkje, ikkje um dei baud honom guli for kvart ord.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free