- Project Runeberg -  Forteljingar /
32

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

32 VETLE VISLIE

men daa han ingen ting fann, snudde han att. Ho
drygde no lenge, og daa ho reis upp att og glodde
ikring seg, var han heilt or syne.

Men no vart det i grunnen ti gonger verre . ..
hadde han set henne, elder var komen paa den tanken
at ho no var etter honom, vilde han vel leggja seg
innmed vegen og bia paa henne. Og daa var det vel
paa lag umoglgt aa koma fraa honom att, og fylgja
med honom no, — nei, ikkje for alt i verdi!

Ho tok til aa springa burtetter vegen, berre
sprang, utan aa sjaa etter leii. Myrkare og myrkare
vart det; stana ho, høyrde ho all slag underlege ljod

: stundom let det som naar ein mann huar, og
stundom som naar ei bikkja gøyr. Berre eit ikonn, som
sprang fraa tre til tre yver hovude hennar, skræmde
mest vite av henne. Gud hjelpe og trøyste henne no!

Berre ho var viss paa ho gjekk rette leiil Men
allting hadde vorte so underlegt, so framandt . . . der
var ein stor stein ho ikkje kunde draga kjensel paa,
og reint fæli var ho, daa det tok til aa ljosna i sko-
gen, og ho kom inn paa ein støyl, som ho ikkje
kunde minnast ho hadde vore paa. Medan ho gjekk
yver vollen, tenkte ho paa, um ho ikkje skulde leggja
seg til i høy-sele, til det ljosna; men so kom ho til aa
tenkja paa, at kanskje kunde Knut elder eit anna udyr
"liggja i høystaden . .. elder naar ho kom inn, kunde ho

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free