- Project Runeberg -  Forteljingar /
27

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

PAA VILLSTBAA 27

dei .-.. ein heil flokk samla seg og slo ring um
dei og eggja dei til aa taka dugeleg i. Ho totte det
var so fælt aa sjaa paa, at ho sprang sin veg. Burt-
med husi paa Bøen møtte ho Tor Uppstad. Han
tok henne ikkje i handi, men baud stivt og kaldt
gudagen og rødde um ver og vind og ingenting.
Til slut spurde han so, um ho ikkje hadde lege
paa Nevatveit um natti.

— Kven hev fortalt deg det? spurde ho.

— Ja, eg minnest ikkje rett . .. jau, no kjem
eg det i hug, det var bror aat Knut.

Ho kjende ho vart raud. Baade skamfull kjende
ho seg og harm paa han Tor, for det han visst tenkte,
at det var noko millom henne og Knut. Ho fekk
ikkje fortelja korleis alt var tilgjenge helder, for
han baud stutt vel-leva og gjekk burt aat hagen att,
der alle kyrne stod. Ho saag honom nokre gonger
seinare paa dagen og, men daa laga han seg som
han ikkje saag henne des meir!

Ho hadde halde seg til faren daa utetter heilt
til middags; men han hadde so mykje aa staa I og
so mange vendingar, at ho ikkje kunde fylgja honom
ikring alle stader. Soleis bar det daa til, at ho
atter kom i hop med vardølarne, endaa ho slett
ikkje hadde nokon sers hug til aa vera i lag med
dei. Dei fortalde, at Knut Nevatveit hadde fenge

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free