- Project Runeberg -  Forteljingar /
17

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

GASTEN 17

elles. Den dagen var so gresjeleg lang... han
lengta so etter natti. Ingen hadde rett til aa vita
det . .. ingen skulde lida nokon skade.

Um natti stiltra han seg ut og ned i granholte,
tok so steinarne, ein etter ein, og bar dei innyver
til den staden der deildi hadde vore. Dei andre,
som laag nedi marki der deildi skulde staa, kasta
han nedi ein djup høl... han høyrde kor vatne
skvala mot breiddi ... det var som hadde han kasta
alt vondt fraa seg med det same.

Susen av elvi gjekk gjenom natti, og han høyrde
so vel fosseduren uppi juve ... det vart godt ver
i morgo. Vinden leika hugleg i lauve, maanen steig
upp or ei kolsvart sky... Juvland laag so fagert
framfyre honom, med den store myrke skogen paa
sidorne og fjellet beint attanyver — den venaste
heim han visste.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free