- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
36

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Amtsskulen - Dei einskilde skular

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 36 -

og denne kom igang i Søre Odalen um
hau-sten. Det skulde vera eit 6 mdr. skeid for
gutar og eit 3 mdr. skeid for gjentor kvart
aar, Ved skulen var 2 lærarar og ei lærarinne
i handarbeid. Sidan 1891 var det ogso
sløyd-undervisning ved skulen. Skulen flytte millom
ymse bygder i amtet, i regelen 2 aar paa kvar
stad, til han i 1902 vart fa t i Søre Odalen.

Fleire amtsskular hadde ikkje dette amtet
fyrr Sagatun folkehøgskule var nedlagd*) Daa
vedtok amtstinget i 1892 aa uppretta ein fast
amtsskule i Storelvedalen. Denne kom igang
lste oktober 1893.

I 1895 uppretta amtstinget ein fast
amts-skule til — i Elverum. Denne flytte sidan til
Trysil og vart nedlagd i 1908.

I 1900 uppretta amtstinget tvo nye faste
amtsskular: i Ringsaker og i Aasnes. Desse
vart opnå same hausten og er enno i gang.

I nokre aar hadde altso dette amtet 5
amtsskular — 4 faste og ein flytjande. No
er der 4 faste. Ved alle 4 skuiane er
skule-kjøken og undervisning i sløyd, kv. handarbeid
og husstelL Ved kvar skule er 2 faste lærarar
og 2 lærarinnor.

Der er fellesskeid for gutar og gjentor i
7 mdr. fraa lste oktober til 15de mai.

Oymnastikksai finst ikkje ved nokon av
skulane. Heller ikkje bur lærarar og elevar
paa skulen. I S. Odalen og Aasnes har
kjø-kenlærarinna eit rom i skulebygnaden.

Søre Odalens amtsskule
er altso framhald av den flytjande amtsskulen.
Skulen ligg ved Skårnes stasjon. Huset er
bygt av S- Odalens kommune i 1902 og
kostar kring 40000 kr. Kommunen ber
utgif-tene til Ijos, uppvarming og reinhald. Dessutan
gjev kommunen kvart aar 400 kr. som
penge-Hjelp til trengande elevar, forutan det som amt
og stat gjev.

Styrarar ved skulen (ved den flytjande
og faste) har vore:

1. Seminarist Hans Jenssen, no overlærar
ved Hamar lærarskule, 1876—86.

2. Seminarist Asbjørn Knutsen, 1886-92.

Knutsen var 1885 — 86 amtsskulesty-

*) Forutan den flytjande amtsskulen hadde amtet i
denne tid Sagatun folkehogskule, Torps skule i
Elverum og ein privat amtsskule paa Hamar.

rar i Nedenes, og vart sidan den fyrste
styraren av Notoddens kr. ungdomsskule.

3. Seminarist O. A. OpshaugvWw 1892—93.

4. »—« John Olaf sen, 1893-1902.
Olafsen var tidlegare styrar av
Nordmøre amtsskule (sjaa denne) og døydde
i 1902.

5. Seminarist O. T. Bjøntegaard, 1902—11.

6. »—« Olav Gustav Ristingf no
kyr-kjes. i Løylen, 1911-13.

7. Seminarist Nils Sivertsen, 1913. Er
styrar no.

Sivertsen er fødd 1877 og var fyrrandre-

laerar ved amtsskulen i Aasnes.

Paa grunn av mindre god søknad hadde
denne skulen fraa 1904—11 berre tvo lærarar
og ei lærarinne. Av same grunn vart det eit
par aar lempa paa aldersgrensa; men fraa
1913 staar skulen atter paa like fot med dei
andre amtsskulane i amtet.

Amtsskulen i Storeelvedalen
er den fyrste faste amtsskulen i landet, og
ogso den fyrste som tok upp husstell som
undervisningsfag for gjentone. Daa den
flytjande amtsskulen kom til Storelvedalen i 1891,
tok mange upp arbeidet for aa faa ein fast
amtsskule i bygdi — soleis ordføraren,
kyr-kjesongar Øyen, soknepresten, noverande
biskop Dietriehson i Trumsøy, og seinare
stor-tingsmann 77/. Myrvang, og i 1892 gav
amtstinget pengar til skulen. Sidan har skulen
ar-beidt sikkert og godt og med jamn søknad
tii kvar tid.

Heradet eig husi som skulen vert halden
i, og ber ogso utgiftene til Ijos, uppvarming
og reinhald.

Skulen har heile tidi av eit legat havt
400 kr. aarleg til skulekjøkenet. Av eit anna
legat hadde skulen fraa 1893—1903 700 kr.
aarleg til pengehjelp til trengande elevar fraa
andre bygder. 1903-04 gav heradet 700 kr.
og sidan 400 kr aarleg til hjelp til slike
elevar. Dessutan har heradet heilt fraa 1901
gjeve 3—400 kr. aarleg som pengehjelp til
trengande elevar fraa bygdi.

Styrarar har vore:

1. Seminarist O. A. Opshaug, no styrar av
amtsskulen i Ringsaker, 1893-1900.

2. Seminarist Knut Kvisli, 1900. Er styrar no.

Kvisli er fødd 1869.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free