- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
23

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Folkhøgskulen - Attersyn - Literatur

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

-23 —

Naar eit lands styre ikkje berre roleg kann
sjaa paa at det vert lagt vandskar i vegen for
eit slikt arbeid, men hjelper dei som vil hindra
det, er det ikkje som det skal vera. Det vert
til tap for den frie aandsvokster i folkelivet.
Og det er lett aa forstaa at harmen vende seg
mot den eller dei som hadde andsvaret for
styringi. Det kom paa fleire maatar fram,
ster-kast fraa Bjørnson, som i ein beisk og bitter
artikkel (i »Ringeren« 98) vilde leggja andsvaret
paa Johan Sverdrup. Nokre aar seinare i ei
tale paa Sagatun (1901) nytta Bjørnson høvet
til aa minna nm kva folkehøgskulen likevel,
trass i all motstand og likesæle, hadde gjort
for heile folket »Uten folkehøiskolen vilde
den selvstændighetskamp, som vi tildels endnu
fører, og vort selvstyre, ikke være naaet saa
fort og saa godt, om det overhovedet var
naaet«.

Dei som raadde i politiken hadde
sjølv-sagt si skuld i at det gjekk som det gjorde.
Men det er ikkje heilt rett aa leggja alt
andsvar paa dei, enno mindre aa velte alt over
paa Sverdrup, som Bjørnson gjorde. Det er
mange andre ting ein og maa ta med her. Der
var nedgang paa andre umraade og i same
tid, soleis i norskdomsarbeidet; det eine
maalblad etter det andre maatte slutta. Det
politiske uføret fraa 1886—94 gjorde sjølvsagt ogso
sitt, den literatur som daa var raadande likeeins.

Det saag ei tid ut til at folkehøgskulen
var vigd til undergang. I 1898 var det berre
6 folkehøgskular i heile landet — paa
Vestlandet og i Trøndelagen — i dei breide,
folke-rike austlandsbygder var det ingen, og dei 6
skular som var arbeidde med nokso faa elevar.
Men i denne tid tok ungdomsrørsla til aa faa
magt, og ikkje minst ho gjorde, at
folkehøgskulen atter tok til aa reisa seg.

Den tridje 1898—1914 har vore ei sterk
uppgangstid. Den eine nye skulen etter den
andre er reist, og dei gamle har faatt større
søknad. No er det folkehøgskular i alle amt
so nær som 2 (Jarlsberg og L, og Finnmarki).
Mange andre private ungdomsskular er i denne
tid upretta (»kristelege ungdomsskular«).

Den gamle striden millom amtsskulane
og folkehøgskulane har etterkvart stiina av. I
eit foredrag paa det nordiske høgskulemøte
i Seljord 1900 uttala Ullmann m. a.: »Høisko-

len anerkjender amtsskolen som sin ven og
som medarbeider, og det skyldes ikke minst
amtsskolens dygtige arbeide at der blandt den
unge slægt er kommet op den bevægelse som
atter har reist høiskolen i vort land. — —
Amtsskolen fortjener da vor tak for det
arbeide den har gjort, og for den stilling den har
indtaget i det folkelige oplysningsarbejde«. —
At motsetningane likevel ikkje var so heilt
utjamna som ein daa trudde, synte seg seinare,
daa amtsskulestyrarane skulde uttala seg um
det framlegg »ungdomsskolekomiteen« kom
med i 1908. Striden galdt nærmest skipnaden,
um sjølve skulearbeidet har det ikkje vore
større strid skulane imillom i dei seinare aar.

Sidan Stortinget i 1898 tok til aa stydja
folkehøgskulane med direkte tilskot. har mange
faatt raad med aa byggja høvelege hus og
gjeva skulane betre utstyr i alle maatar. Men
ikkje alle skular har faatt godt av dette, og at
ein her ikkje har vore heilt rettferdig mot dei
som av ymse grunnar vart staaande utanfor,
vil alle no medgjeva. Ved den nye ordning
av 1912 vart alle privatskular sette likt, men
soleis som det no hadde utvikla seg vart det
til skade — for det fyrste iallfall — for dei
skular som fyrr hadde faatt beinveges tilskot, so
heilt løyst er enno ikkje det vande
spursmaa-let um den beste og mest rettvise ordning.

Skulane har til denne tid vore skular
mest berre for landsungdomen. Ei av dei
største uppgaavor i framtidi vert aa faa
by-ungdomen og ungdom fraa arbeidarklassa
meir med, I namnet/ø/fø-høgskule ligg at den
skal vera ein skule for heile folket,
Folkehøgskulen har erend til heile det norske folks
ungdom. No daa vaart land meir og meir
held paa aa bli eit fabrikland, og ei ny tid
held paa aa bryta inn over vaare bygder, vil
høgskulen og ungdomsskulen i det heile faa
den vitige og vanskelege uppgaava aa Iæra
dei unge — og dei gamle med — at det ogso
er andre og edlare krefter ein maa rekna med
i menneskje- og samfundslivet enn hestekrefter.

Literatur.

I. Blad og tidsskrift.

»Den norske folkeskole. Et
Maanedsskrift for Lærere og andre Opdragere«. I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free