- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
17

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Folkhøgskulen - Folkehøgskular som er i gang no (1914) - 18. Agder folkehøgskule - 19. Smaalenenes folkehøgskule - 20. Hardanger folkehøgskule - 21. Austuppland folkehøgskule - 22. Nordmør folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Kvaale. Agder fylkeslag, Hægelands herad
m. fl. hjelpte til med dette. – Severin Kvaale
er fødd 1876 i Jondal, Hardanger, har vore
paa Garnes folkehøgskule og paa fleire
høgskular i Danmark, den lengste tidi paa Askov,
var ei tid lærar paa ein dansk folkehøgskule
i Amerika og seinare paa fleire norske
ungdomsskular.

19. Smaalenenes folkehøgskule.


Eidsiva ungdomslag sette skulen igang
1910. Styraren, Olaf Funderud, var ein av dei
som fyrst kom med i ungdomsrørsla paa
Austlandet. Han har vore med i styret for
fylkeslaget i 14 aar og formann i 6 aar. Med
studnad av dei som hadde vore med i
ungdomsarbeidet og fleire andre, fyrebudde han saki i
fleire aar og kunde opna skulen i oktober 1910
ved Mysen st. i Eidsberg. Olaf Funderud er
fødd 1870, tok lærareksamen 1890 (Asker) og
var lærar i folkeskulen til 1910.

20. Hardanger folkehøgskule


i Ullensvang vart opna i oktober 1912 og har
mange av sine røter i den gamle Ullensvang
folkehøgskule (1869—98). Dei gamle kjende
høgskulemenner O. Olafsen og Nils Skaar
gjorde mykje for aa faa ein ny skule her. Vidare
maa ein nemna gardbrukarane Torgils Jaastad,
Torgils Aarekal
og kjøpmann J. Koltveit.
Skulen fekk amts- og statstilskot fyrste aaret.

Styraren, Jon Mannsaaker, er fødd 1880,
tok lærareksamen 1901 og teologisk
embættseksamen 1911.

21. Austuppland folkehøgskule.


Med studnad av skuledirektør Eftestøl,
overlærar P. Holter og bladstyrar R. Konstad
m. fl. fekk I. Nybø istand ein folkehøgskule
ved Hamar hausten 1912. Aaret etter fekk
skulen tilskot av amt og stat. Det er tanken
at denne skulen skal flytjast til Tønset, der
styraren no har kjøpt seg skulegard, og
gjerast til ein skule nærmast for Østerdalen.

Idius Nybø er fødd i 1877, gjekk paa
Fjordenes amtsskule, tok studenteksamen 1901
og andre-eksamen 1902. Um hausten same
aaret vart han lærar ved Gudbrandsdalens
folkehøgskule, slutta her i 1904, studera ei tid
maal og soga ved universitetet, var deretter
lærar ved Sund folkehøgskule til han skipa
folkehøgskulen ved Hamar.

22. Nordmør folkehøgskule.


Fosna maallag i Kristiansund var den
beste hjelpesmannen med denne skulen.
Laget ytte kr. 1500 fyrste aaret og lova 1000 kr.
aaret dei 5 næste. Skulen fekk amts- og
statstilskot fyrr han tok til. Skulen er paa garden
Gimnes paa Nordmør, og vart opna hausten
1913.

Styraren Henrik Rytter er fødd 1877, tok
lærareksamen 1898. Han har vore lærar paa
ymse stader, dei siste 5 aari paa Møre
folkehøgskule.

*



I mange andre bygder har det dei siste
aari vore arbeidt for aa skipa nye
folkehøgskular, soleis i Gausdal, der den gamle
høgskulemannen Andreas Austlid fekk ein skule
igang hausten 1913, og i Ryfylke, der det har
vore ein skule eit par vintrar, styrar N.
Solheim.
Ingen av desse har statstilskot enno.
Eit høgskulelag i Sunnhordland har gjort
vedtak um aa setja igang ein folkehøgskule paa
Halsnøy hausten 1914 med bladstyrar Knut
Markhus
til styrar, og eit anna lag har teke
upp arbeidet for ein skule for Nord- og
Midthordland. I Sunnfjord og i Tromsøy amt
arbeider dei og med aa faa nye skular igang.
Paa eit høgskulemøte i Harstad i januar 1914
vart vald ei nemnd, som skulde arbeida for
aa faa ein folkehøgskule i Trumsfylket.

Av desse 22 folkehøgskulane har 15 eigne
hus med eit større eller mindre jordstykke til.
Dei mindre skulane har etter dei uppgaavor
vi har faatt, eit verde kvar paa ikring kr. 30000,
dei større fraa kr. 40000 uppover til kr. 100000,
ein er uppe i kr. 150000, utstyr og alt
medrekna. Verdet av desse 15 skular med alt som
høyrer til er ikring 1 million kroner. Av dei
15 skulestyrarar som har faatt seg eigne hus,
staar 11 som eigarar (d. v. s. det er laante
pengar mest altsaman). For 1 skule staar eit
ungdomslag (fylkeslag) som eigar, 2 eig
vedkomande herad og 1 eit lutlag. Dei andre 7
skular leiger hus. Men dei tenkjer paa aa
byggja iaar eller til næste aar mest alle desse.

Dei andre private ungdomsskulane har

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free