- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
235

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ilias

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 235 —

«No skal du høyra, Hias. Kan ikkje du og
kona koma og vera hjaa meg. Um sumaren
kunne du altid hjelpa meg noko lite i høyonna,
og kona di kan mjølka kyrne. So fær de mat
og klæde og alt de elles treng hjaa meg».

Ilias sa takk. Og so vart han og kona
tenestfolk hjaa Mehemed Schach. Det fyrste var
det ikkje greidt for dei; men sidan vandest dei
med det, og arbeidde so mykje dei var god til.

For Mehemed vart det ein rein vinst aa ha
dei gamle, for dei var so trugne og trottuge til aa
arbeida at dei gjorde meir en likt for seg.

So var det ein gong at Mehemed hadde lag.
Gjesterne aat og drakk, og skjemten gjekk. Daa
fekk Mehemed sjaa Ilias som stod ut paa tunet
og brynte ljær.

«Ser du den gamlingen der,» sa han til ein
av gjesterne.

«Eg gjer so,» svara denne. «Kva er det
med han?»

«Det er det med han, at han hev vore den
rikaste av oss alle som sit her. Han heiter Ilias.
Eg tenkjer du hev høyrt gjete han».

«Eg skulde tru det,» svara hin. «Han er
daa namngjeten vidt og breidt, so rik og gjæv
han er».

«Og no eig han ikkje skillingen att, men
tenar hjaa meg, og kona hans mjølkar kyrne».

«Nei, no er eg daa so forsigna,» sa den
andre. «Ja verdi er daa rett som eit hjul som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0241.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free