- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
225

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - X

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 225 —

Mikael svara:

— Gud straffa meg avdi eg var traa imot
han. Eg var ein engel i himmelen og var traa
mot Gud.

Eg var ein himmelsk engel og Gud sende
meg ned paa jordi til aa krevja ei kvendesjæl.
Eg svævde paa vengjerne ned til jordi, og der
saag eg eit kvende liggja sjuk i barnseng. Ho
fekk tvillingar, tvo smaagjentor. Dei laag kravla
kring moderi, dei smaa; men sjølv var ho kje
god til aa leggja dei inn til brystet. Daa fekk ho
sjaa meg. Ho skyna at det var Gud som
hadde sendt meg etter sjæli hennar. Ho brast i
graat og sa: «Guds engel! Dei hev nett grave
ned mannen min. Eit tre fall over han og slo
han ihel. Eg hev korkje foreldre elder sysken
elder nokon til aa ta seg av desse smaa. Dei
kan daa ikkje hjelpa seg utan far og mor.

Eg gav etter, la den eine av dei smaa baani
inn til brystet hennar, det andre i armen, og
flaug uppi himmelen. Eg kom upp til Vaarherre
og sa: «Eg var ikkje god til aa krevja sjæli
hennar. Mannen hadde feilt eit tre nedover seg
i skogen, kona hadde fenge tvillingar og bad so
fagert at det maatte grøta ein stein. Aa, lat
meg liva! bad ho, og fostra upp baani mine.
Baan kan daa ikkje liva utan far og mor. Eg
kravde ikkje sjæli.» — Men Herren sa: «Gakk
og krev sjæli hennar. So vil du røyna tri ord:
kva det bur i folk, kva som ikkje er menneskja
Leo Tolstoi. 15

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0231.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free