- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
223

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - IX - X

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

en vera glad i dei? Eg hev ingi betre giede
i verdi.»

Kona tagde. Med den eine handi klemde
ho den vesle halte gjenta inn til seg, og med
den andre turka ho taarorne som vætte kinni.

Matrøna sukka djupt og sa:

— Det er daa sant det gamle ordet: «Ein
kan undvera baade far og mor; men Gud kan
ein ikkje undvera.»

Best som dei sat og tala saman soleis, ljosna
det i stova som av kornmoe-skin *) fraa den kraai
der Mikael sat. Alle snudde seg dit, og der sat
han med henderne i fanget, augo vende mot
himmelen, og med smil um munn.

X.

So snart kona var gjengi med smaagjentorne,
reiste Mikael seg, la arbeidet fraa seg, tok
fang-skinnet av, bøygde seg for husbonden og.
mat-moderi og sa:

— Farvel, de gode folk. Gud hev tilgive
meg. Tilgiv meg no de med.

Semjon og Matrøna saag forbina paa kor
det lyste or augo hans. Semjon reiste seg, bøygde
seg djupt for Mikael og sa:

*) Kornmoe = dimme ljosglimt i lufti, paa lag som eldingar
som er langt burte.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free