- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
205

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - III

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 205 -—

Framandmannen sette seg ned paa benken.

— Kanskje du hev ingen mat laga? spurde
Semjon kona si.

— Jau, kvesste Matrøna i; ho var no sint
for aalvor; men ikkje aat deg. Eg ser du hev
drukke vitet av deg. Du gjekk ut etter ein pels,
men kjem att kuftelaus og dreg attpaa denne
nakne raklefanten med deg. Eg hev ingen
kveldsmat til slikt folk.

— No, no, Matrøna, lat no det so vera. Du
skulde helder fyrst spyrja kven mannen er . . .

— Kvar hev du gjort av pengarne, spør eg

deg!

Semjon tok nedi lumma etter dei tri rublarne,
og la dei paa bordet.

— Her er pengarne. Eg fekk ingen ting
hjaa Trifonor. Han lova aa koma med det
imorgo.

Matrøna vart berre meir og meir harm paa
mannen: han hev ingen pels kjøpt, gjeve den
siste kaapa dei aatte til ein naken rekekjepp som
ingen kjenner, og drege han med seg heim.

Ho treiv setlarne, skunda seg aa gjøyma dei
og mulla for seg sjølv:

— Eg hev ingen kveldsmat. Me kan ikkje
føda paa alle dei nakne fyllefantarne som raklar
etter landevegen.

— Men Matrøna, hald daa styr paa deg.
Høyr fyrst kva ein hev aa seia deg . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0211.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free