- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
165

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Brigde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- I65 -

men ikkje rett jødar helder. Eit slag polske
asiatar. Dei heitte noko slikt som kuler elder

kurer*)......naa, det hev eg gløymt. Gjent-

ungen — Salka kalla me henne — var so rar og
god som dagen var lang. Eg hev no gløymt
burt det heile; men gjentungen — giv ho maa
faa ein agurk paa tvert i sin hals! — stend so
ljos livande for meg som eg skulde ha set henne
idag. Det er det einaste eg minnest fraa tenesta.
Eg minnest berre kor me fekk juling — og so
gjentungen. Alt anna hev gjenge i gløyrneboki.
Ho hengde seg med dei smaa henderne um
halsen paa ein, og so stavra ein iveg med henne.
Ja slik ei gjente skal ein leita lenge etter. Sidan
gav me henne til kona aat kompaniskjefen; ho
tok seg av henne som si eigi dotter. Og ho
kom godt fram. Det gjorde oss so vondt aa
skiljast med henne.

Anjutka. Ja, bestefar, so minnest eg daa
far døydde. Det var fyrr du kom til oss. Han
ropte Nikita burt til seg og sa: «Tilgiv meg
Nikita, tilgiv meg!» sa han, og so gret han.
(sukkar). Det var so saart aa høyra paa.

Mitritsch. Ja, det er just tingen, er det.

Anjutka. Bestefar, bestefar! Høyrer du? No
er det støy i kjellaren att. Aa mor, mor, syster,
kjæraste, søtaste.....Bestefar! Du skal sjaa

*) Kurder, eit kaukasisk folkeslag.

U. m.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free