- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
160

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Brigde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— i6o —

(kviskrar). Eg veit det godt. Ho skal ha eit lite.
Kanskje hev ho alt fenge det.

Mitritsch. Aa du med, di vesle tisehit! Giv
du faa laas for tunge! Du skal daa stikka nasa
di uppi alt du. Legg deg til og sov. (Anjutka legg
seg). So ja (breider over ho). So ja. For mykje
vis-dom gjer snart gamal.

Anjutka. Vil du no uppaa omnen?

Mitritsch. Ja kva elles ? — Slik ein tullunge!
Ho skal no ha greia paa alt. (Breider godt over ho
og reiser seg). So, ligg no still Og SOV. (Gjeng burt til
omnen).

Anjutka. Det skreik berre ein gong. No
høyrer ein det ikkje meir.

Mitritsch. Aa Herre Jesus! Barmhj artige
Mikola ...... Kva er det ein ikkje høyrer,

seier du ?

Anjutka. Det vesle.

Mitritsch. Der er daa ingen; kor skulde
ein so høyra det?

Anjutka. Jau eg høyrde det — Gud hjelpe
meg! Eg høyrde det. Plent som ei liti mus
som piste.

Mitritsch. Jau, du hev noko saman høyrt.
Men hev du so høyrt kor buven tok og smette
ein slik liten gjentunge som deg nedi sekken sin
og strauk med han?

Anjutka. Kva for ein buve ?

Mitritsch. Han du veit; den fæle. (Kryp
uppaa omnen). Omnen er rett god og varm ikveld.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0166.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free