- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
136

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 136 -—

Nikita. Ut med deg! (puffar til ho).

Anisja (ute). Eg gjer ende paa meg!

Nikita. Aa pytt.

Anjutka (hyler). Aa—aa—aa! Mor, mi eigi
kjære mor !

Nikita. Jau visst, ho trur ho skal skræma
oss! — Kva hiper du for? Ho kjem nok att,
syt ikkje! — Gakk so, og sjaa til temaskina.

(Anjutka gjeng)-

Akulina (samlar sine ting saman og legg dei i kista).
Den skamløysa, kor kjeften gjekk paa ho! Men
bid du! Eg skal flengja trøya hennar. So sant
eg liver!

Nikita. Eg hev no kasta henne ut. Kva
vil du so meir?

Akulina. So som ho hev svina til dette nye
plagget mitt, den purka! Hadde ho ikkje gjenge,
skulde eg ha rive augo ut paa ho.

Nikita. No, ver no ikkje harm lenger. Kva
hev du aa vera vond for? Var eg glad i henne
so var det ei onnor sak.

Akulina. Glad i henne? Jau det var ei aa
vera glad i — slik ei ule! Du skulde ha jaga
henne fanden ivald, skulde du, du skulde ha late
vore henne daa ho vart enkje, so hadde me no
vore kvitt denne ugreia. Huset er likevæl mitt,
og pengarne med. «Eg er daa kona i huset»
seier ho. Jau det er ei rar kone! Ho hev teke
livet av fyrste mannen sin og ho vil gjera det
same med deg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free