- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
120

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

du soleis læt han hanska som han vil. Det er
daa dine pengar, han øyder.

Anisja. Aa visste du berre kor det rett heng
saman! Men det forstend seg, ’i eit stykke hev
eg bore meg dumt aat.

Aksinja. Var eg i din stad, Anisja, so vilde
eg beintfram gaa til øverheiti og klaga mi sak.
Pengarne er daa dine. Kor kan han da gaa so
og øydsla med dei? Det er det daa ingen lov for.

Anisja. Det spør dei ikkje etter notildags.

Aksinja. Men kor er det med deg, Anisja,
du hev daa reint mist modet.

Anisja. Ja det er det eg hev. Eg duger
ikkje meir til noko. Han hev plent forgjort meg,
so eg veit korkje ut elder inn. Aa, eg arme
menneskje!

Aksinja. Eg synest der kjem einkvan.

Akim (kjem inn og krossar seg for helgenbilætet).

Guds fred i huset! Godag, Anisja. Kor stend til?

Anisja. Takk, bestefar! Kjem De heimanfraa?

Akim. Det kom so fyre at eg tenkte: «Lat
meg lydast um sonen. Lat meg lydast um sonen,»
tenkte eg. Eg gav meg god tid og aat fyrst.
Etter middag gav eg meg paa veg, og tenkte
endaa aa koma i rett tid; men det snøar so, at
det feil tungt aa gaa, og so kom eg so seint.
Det er tingen. Kvar er so sonen? Eg meiner,
er Nikita heime?

Anisja. Nei han er i byen.

Akim (set seg paa benken ved døri og tek bastskorne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free