- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
71

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Nianda koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 7i —

du ha rett i; men det er likevæl best aa tenkja
seg fyre. Lat oss fara til sonen vaar», seier eg
«og med det .same kan me høyra oss fyre hjaa
Peter Ignatisch kva han meiner um den ting».
Og so tok me daa hit.

Anisja. Aa, Matrøna, eg er so rædd. Dersom
no gubben din likevæl vil at sonen skal gifta seg?

Matrøna. Han vil? Lat han raada med
katten, men ikkje tala med her. Nei, ver du trygg;
det skal det ikkje verta noko av. Eg vil no røa
med din gamling, og du skal sjaa kor fint eg skal
spela korti mine, aa, so fint, at ingen av dei skal
merka det bitterste grand. Javist! Guten hev det
so godt som tenkjast kan; og meir godt hev han
i vente; og so skulde eg gaa av og binda han til
ei gatetaus? Eg er daa ikkje gali, veit eg!

Ajiisja. Ho rende etter han her og, — denne
Marinka. Eg seier deg, Matrøna, daa eg høyrde
at de vilde gifta han, var det som einkvan hadde
stukke meg i hjarta med ein kniv. Eg trur
likevæl han held av henne.

Matrøna. Aa, kvar vil du hen! Han er daa
ikkje tullen. Kor kan du tru at han vilde kasta
sin elsk paa slik ei taske, som korkje hev hus
elder heim. Nei, Nikita er ikkje so dum, maa du
tru. Han veit nok kven han skal halda av. Ver
du ganske trygg, fluga mi. Me tek han aldri i
livet herifraa, og tenkjer likso lite paa aa faa han
gift. Berre de no kunne gjera so væl og hjelpa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free