- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
68

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Aattande koma - Nianda koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 68 —

giftarmaalet? Som eg ser tingen, er det spilt umak;
for naar eg skal seia som det er, so hev eg
ingi lyst.

Matrø7ia. Bevars! Kva skal det giftarmaalet
til? Ver du her du er. Det er berre gamlingen
som tyt um det. Gakk so med deg; me skal nok
greia dei ting utan deg.

Nikita. Det var daa underlegt. So skal eg
giftast, og so vert det ikkje noko av det. Eg er
ein krakk um eg skynar noko av dette (gjeng).

Niande koma.

Anisja og Matrøna.

Anisja. Kor er det so, Matrøna? Tenkjer de
verkjeleg paa åa gifta han burt?

Matrøna. Vil du fyrst seia meg, min engel,
kva han skulde ha aa gifta seg paa ? Du veit sjølv
kor me sit i det. Det er berre gubben som gjeng
og vrøvlar um at sonen plent maa gifta seg. Men
kva skyn hev vei han paa slikt? Det heiter for
eit gamalt ord: hesten renner ikkje fraa sitt gode
foder, og hev ein det godt skal ein vera der ein
er. So her og. Det skal undra meg um eg ikkje
saag kva endelykti vert paa det heile.

Anisja. Nei det nyttar nok ikkje aa ha
løyndomar for deg, Matrøna. Du veit alt. Eg hev
ei stor synd paa meg: eg held av sonen din.

Matrøna. Næ—æ! Det var daa nytt for meg.
Det visste eg somenn ingen ting um. Aa, baane

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free