- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
53

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Dei tri gamle mennerne

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tri gamlingarne, men meel kvart kom dei or syne,
og han saag berre øyi; tilsist timde han ikkje
den helder, og einast havet laag glitra i
maane-glansen.

Pilgrimarne hadde lagt seg til ro og det hadde
vorte stilt umbord; men bispen hadde kje hug
til aa sova. Han sat der i bakstamnen og skoda
attover havet der øyi hadde kome or syne, og
han tenkte paa dei gode gamle mennerne han
hadde lært aa kjenna. Han kom ihug kor glade
dei vart av at dei fekk læra aa beda til Gud, og
takka Herren di han hadde fenge hjelpt dei og
lært dei Guds ord.

Med’ han sat soleis i tankar og skoda attover
havet som laag vogga seg i lange dillingar og sume
stader vart som forsylva av maaneglansen, tok
det til aa svimre for han. Best det er ser han,
at i den stripen av havet der maaneglansen er
sterkast viser der seg noko kvitt og skinande,
som ein maase elder eit segl. «Det maa vera
ein seglbaat,» tenkjer han, «som styrer etter oss
og halar inn paa oss. Fyrst var det knapt so
vidt ein saag han, og no er han alt nær ved.
Men er det ein baat? Det kvite der er ikkje
likt til segl helder. Kva det so er, so er det
noko som halar inn paa oss.»

Det var uraad for bispen aa avgjera um
det han saag var ein baat, ein fugl elder ein fisk.
Det var for stort til aa vera eit menneskje, og
eit menneskje kan desutan ikkje gaa her ute paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free