- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
19

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— lg —

Altso: alt me kan gjera utyver det som trengst
til vaart eige upphelde, det skal vera til hjelp
for andre som treng, vaare nærmaste og kven
me elles finn i vande. Um desse er «verdige» elder
«uverdige» kjem os ikkje ved. Er dei verdige, so
er det godt; er dei uverdige, so vil kjærleg og
vyrdsam hjelp vera det einaste, som kan faa det
gode upp i dei og frelsa dei.

Der kjærleik raar, feil «retten» burt; sakførsel
og strid er av det vonde. Likso lite vert det tale
um aa døma elder straffa kvarandre; dom og hemn
høyrer Gud aaleine til. Med kjærleik, d. v. s. med
godviljug hjelp og rettleiing, skal me svara endaa
paa udaads verk; det er ikkje aaleine rett, men og
praktisk»: det er den einaste maaten aa hindra
slike verk paa, den einaste maaten til aa faa
brotsmannen paa betre vegar.

Eigedom vert det ikkje tale um. Det einaste
me eig», det einaste som er vaart «eige» paa ein
slik maate, at det ikkje likso godt kunde høyra
andre til, er oss sjølve, vaar eigi kropslege og
aande-lege arbeidskraft. Og sjølve denne eigedomen
fær me ugagn av, um me ikkje brukar han
etter Guds vilje: til aa gjera godt med. —

Me ser lett, at um me kunde tenkja os desse
tankarne gjenomførde, so vilde verdi vera so heilt
umsnudd, at alle andre «umveltningar» som hev
vore elder er paatenkte, vert barneleik og
ingenting imot den. Det vart ei umveltning heilt ifraa
grunnarne. Og endaa vilde ho gaa for seg utan
braak elder blod, — naar me daa ikkje vil tru,
at verdi kom til aa reisa seg mot desse nye
«Ga-lilæarar» med forfylgjingar.

Kor som er hev Tolstoi’s tankar funne ikkje
lite tilheng, baade i Russland (der elles sekter med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free