- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
12

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjera en leggja seg ned og svelta i hel; — so
hjelpelaus var han.

Men desse andre, som stod upp klokka fem um
morgonen og stræva heile dagen og greidde seg
med det dei tente, dei vilde han hjelpelausingen
«hjelpa» — med dei pengarne han sjølv var med
kvar dag og stal ifraa dei! Tjuven kom til den
ærlege mannen og vilde i sin godvilje dela med
han av det som den ærlege mannen sjølv med
sitt slit og slæp hadde fortent! —

— No tok det til aa gry for grev Tolstoi,
korleis han skulde leva.

Elder som han sjølv seier: han lærde aa
spyrja rett.

Fyrr hadde han tenkt: kva skal eg, grev Tolstoi,
den upplyste mannen og store diktaren, gjera til
aa tena folket? No kom «angeren», den nye
maaten aa døma sitt liv paa, og han spurde: kva
skal eg, som ved usæle tilhøve hev brukt mine
beste aar, ikkje til aa læra aa arbeida, men
til aa studera maal, jordkunna, retslære, dikting,
pianospel, tankebygningar, hermannsøvingar, —
eg, som hev kasta burt mi tid til faafengde og
fordervande syslur — kva skal eg taka meg fyre, at
eg, trass i det at eg vart slikt eit gagnløyse-ting,
kan gjera dei folk, som hev født meg og klædt meg
i all denne tid og enno føder meg og klæder meg,
like for dette?» — Og daa vart svaret greitt nok.
Svaret vart: fyrst og fremst maa du slutta med
aa gjera vondt. Fyrst og fremst maa du venda
att med aa stela anna folks arbeid. Du maa fyrst
og fremst sjaa til at du kan livnæra deg paa ærleg
maate, ved eige arbeid; og naar du hev naatt so
langt at du ikkje gjer vondt mot nokon lenger,
so fær du prøva, um du attaat kan gjera litegrand

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free