- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
170

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Baade brydde han seg mindre um det; og no var det
korne mange nye ting upp millom folk som ein ikkje so
lett kunde avgjera med aa segja hm-hm!

Men det er ei soga etter Lars Flug, fraa hans
mann-doms tid, som eg vil fortelja her.

— Det kom ein dag det vart auksjon paa Øvreplassen.
Per spelmann var fant. Han hadde spela og somla og
bytt øykjer so lengje, te han var ferdig med alt. Ho
Brit hadde stræva det ho kunde, men ho var ikkje meir
enn eit kvinnfolk. Ja no skulde garden seljast.

Han Per sjølv gjekk der og ørska, og brydde seg
um ingen ting. Ho Brit kokte kaffe aat lensmannen og
gret. Tvo smaa gjentungar drog seg rædde fraa kraa te
kraa, stod med fingrar i munn og giodde.

Faae folk kom. Det var ikkje mange som likte denne
dagen; heller ikkje mange som vilde kjøpe Øvreplassen.

Men det kom tvo som nok tenkte paa det. Den eine
var ein lauskar, ein fehandlar som dei sa hadde pengar,
og no vilde han slaa seg te ro, gifte seg, og ha slik ein
liten lettbrukt gård aa stelle med. Den andre var ein
Hans Bakkom, andre sonen hass Tore Bakkom; han au
skulde gifte seg, og kunde ikkje liggje heime; for honom
maatte denne garden vera fælande lugom. Dei fleste trudde
at han kom te aa bli ved garden. Baade hadde han raad te
di, han fekk pengar med kjeringa, og ein gård vilde han ha.

Med det same uppropet tok til, kom han Lars Flug
ruslande — han hadde moro te høyre kven som vart
eigar taa Øvreplassen, sa han.

Det gjekk smaatt med aa bjode. Dei tvo kjøparane
var rædde einann’ og vilde ikkje eggje einann’ upp.

Som dei stod og baud millom 300 og 350 dalar*),
sette han Lars Flug ti og baud 400. Daa kvakk dei tvo
andre, so dei tagna ei heil stund. Og heile aalmugen

*) Ein dalar = 4 kr.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free