- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
163

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

spira. Vi døler er gilde taa Haugakarom fraa Seil. Men
kaa langt hadde døm korne, um ikkje Krag hadde levt?

Og denne festen her i kveld––––er det ikkje Krag som

har samla oss? Er det ikkje han vi vil ære og takke?
Den seine rettferds time er endeleg komen — eller held
paa og kjem — for Krag no.

Naar eg nemner sterkt saafrø, so er det ein mann
til som skal fram her i kveld. Og det er Kristofer Bruun.
Han kom aat Romundgard paa Seli for godt 50 aar sidan
— og tok uppatt arbeidet etter Krag, soleis som ingen
ann’ har kunna gjort det sidan. Og her kan vi tala taa
røynsle, vi som var med, og kom under den makta som
ordet hans hadde. Um eg bli 100 aar kan eg ikkje faa
gjort godt att for det gode han gav meg i min ungdom;
og eg kjenner fleire som vil segja det same. Han tende
ljosfakkelen som opnå augo vaare for den guddomelege
usynlege verda, som til den stund hadde vore stengd for
oss, og gav oss elsk aat den. Det er tydelegt at den
aand som dreiv Krag hadde sendt Bruun hit upp og var
drivkrafta ti honom med. Slike folk er verdt mykje.
Døm er upplærde paa fysste hånd, taa Gud, og bryt nye
vegar og finn nytt land aat oss smaa folk som kjem etter.
La oss vone, at um 20 aar skal den seine rettferds time
koma for Bruun med — at dølan daa vil sjaa kaa mykje
døm har aa takke han for!

Slike folk er sjeldne gjester. Og vi treng døm so
saart. La oss beda um aa faa døm oftare! For desse
eig den store trua som maktar so mykje, og det Ijose
auga som ser sant. Og berre ein ting vil døm: løyse
ut folkekrafta te levande bruk og gagn. — Krag sa
ein-gong:

„Det gaar mang ei bonde bak plog og horv som
tenkjer høgre og djupare enn professoran i Kristiania. Og
mange vilde gjort større gagn enn døm no gjer, hadde
døm tekje fat paa ein gard.“

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free