- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
126

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MENNESKJA OG GUD
I.

Fyrst um menneskja. Og her kjem eit vers som eg
høyrde av Kristofer Bruun:

„Livet blusser, livet daaner,
snart er vi ørn, og snart er vi kryp,
alt som os mer og mindre laaner
hint livets rike kildedyp."

Men merkelegaste her er den 8de David-salme —
som segjer paa lag so:*)

„Naar eg ser din himmel, verket fraa fingrane dine,
maanen og stjernone som du gjorde — kva er daa eit
menneskje at du kjem det i hug, ein manna-son, at du
stig inn aat honom!

Du gjorde han berre lite grand ringare enn englane.
Med heider og med ære krynte du han, du sette han til
konge over alt det dine hender gjorde — alle ting la du
under hans fot.“

Her har vi menneskja — upp og ned, upp og ned!
Snart siglande høgt paa baaretoppom mot himmelen —
snart nede i djupe dalar graatande etter hjelp. Salmane
vaare fortel meir enn nok um det.

Men det er ikkje dalane — det er høgdene vi har
naatt — som eg vil prøve aa tala um idag.

— Ja kva er so dette „menneskjelege“ — som
folke-høgskulen vil odle og adle og legg slik ei vekt paa?

*) Etter Islandske bibelen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free