- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
124

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Her er ideal som forslær! Bogen kan ikkje
spen-nast høgre — snora maatte breste, synest vi.

Vi likar aa drøyme um noko slikt — vi synest det
er fagert. Men aa gjera dette? — Vi maatte bli nye
menneskje fyrst––––

Bak den straalande gude-verda i Hellas skin idealet
— og bak vaar Aasgard høyrer vi vaart folks høgsong
um det. Men kor langt kom dei med livet? Det gjekk
nok overende.

Dei berre gret etter guli, desse gamle, fordi dei guli
ein gong hadde aatt. Det er vaart høge upphav vi aldri
kan gløyme.

Ja, la oss tilstaa det: Vi er saka i synd. Vi kom
under framandt aak; ein vond mann saadde ugras i
hjarte-aakeren vaar:

Ak, vidste du, som gaar i syndens lænke,
hvor haardt det er, det satans slaveri,
du skulde dig et øieblik betænke,
og vende om til ham som dig kan gjøre fri.* —

Vi kom i trældom, segjer den gamle salmen.

Aa nei, ikkje ein talemaate er dette. Og heller ikkje
ein talemaate er det, at Jesus Kristus vart frelsa. Her
staar han, som synte oss desse svære ideal — her staar
han som eig viljen og kreftene — her staar han ferdig
til aa løyse oss ut, og hjelpe oss so vi kan bli heilt upp
slike som han har sagt, og dugande te aa leva. I
daa-pen vart vi fødde av Gud innatt i dette livet, og naar
vi gaar til Herrens bord, daa veks det og biir sterkt.

Her flyt straumen fraa Gud, som gjer oss friske att.

Profeten Esekiel saag denne straumen i eit syn, fleire
hundre aar før frelsaren kom (Esek. 47, 1—17). Han
rann ut fraa templet — segjer han — og han kløyvde
seg ut over jorda og gjekk ut i storhavet. Og det sjuke
havet vart friskt, og alt levande som rørde seg fekk nytt
liv, alle stader der straumane för fram. Paa alle breid-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free