- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
112

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kne taa seg sjølve — slik agje stod det fraa henne. Og
dei sa um Fidias, at han maatte ha vore der uppe og
skoda bak um forhenget, han som kunde skapa noko so
herlegt.

Dette biletet har dei kristne brukt. Dei har gjort
nasen meir bøygd, paa jødisk vis; gjort hoko og skjegg
litt mindre breitt og sterkt; gjort heile andletet meir
aan-digt, smertefyllt, varmt. „Han ynkast inderleg over
folket; for dei var som ville sauer som ingen gjætar har“

— desse orda lyser ut fraa det andletet. Men den sterke
klaare skallen og dessa store mektige augo har han etter
Zevsbiletet fraa Olympia.

So har dei funne att eit gamalt bilete i katakombom

— ein straalande, ovfager ungdom med eit lam paa
aksiom. Sjølvsagt er her tenkt paa Jesus. Men dette skal
vera etter ein Appollon — segjer kunstkjennarane. Dei
laut aat Hellas etter dette og. — Det underfulle Hellas!

— Elles har vi segner um korleis han saag ut; gamal
tradisjon, fraa dei fyrste kristne tider:

„Ein sterk ørnenase, brunt eller myrktbrunt lokka
haar, ein høg og fast skalle, klaare varme augo“ —
hei-ter det. Det var som „sola lyste“ naar han saag paa
flokkane, paa desse forkomne stakkarane og dei sjuke

— — og naar han tala aat deim høyrdest det som
himmeltonar, og kjendest det som drogst dei inn i fanget hans.

Men desse same augo „skaut ljon“ naar han dreiv
ut ureine aander eller ropte ve-ropa sine ned-over dei
skriftkloke; — lufta syntest dirre, jorda aa skjelve —
det stod som paa livet at noko fælt kunde hende! Daa
var det „løva fraa Juda“ som riste manken, som David
og profetane hadde spaatt um, — no var han komen og
skulde leggje alle Guds uvener „paa skaar“*) te fotskammel
under sine føter — segja „domenu over ei rangsnudd slekt.

*) Biletet er teke fraa slaatteteigen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free