- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
96

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

slægt sorg og skam." Nokon taa folket mitt hadde klaga
seg for presten, det visste eg. Og eg minnest godt ho
mor gret daa ho laut forsvara meg. „Ja døkk kan segja
kaa døkk vil — han er naa flink og viljug te aa arbeide
heime daa, so vi har ikkje noko aa klaga paa han. Og
dette maalet nyttar det ikkje for døkk aa faa han ifraa,"
— sa ho.

— Ja, kaafor nyttar det ikkje aa faa oss ifraa
mors-maalet vaart, naar vi eingong har faatt smak paa det?

For di at sjæla vaar strøymer igjenom det. Ikkje
berre ein kanal som ho strøymer igjenom; nei, det er
vaar sjæl. I morsmaalet er det at ho lever og veks, fær
form og farge og siær ut sine vengjer og flyg over aat
andre, so dei dg skynar oss. Her syner ho seg fram
som ho er og som ho vil vera.

Eg vil segja: Hald fast paa morsmaalet — la ingen

lokke det fraa deg! Misser du det, so misser du deg
sjølv. D’er dette du har aa livberge deg med og vekse
paa, du og eg og heile det norske folk. Døyr det, so
døyr vi. Og lever det, skal vi koma te aa leva, og vekse
og mannast etterkaart som vi dyrkar det og brukar det,
i munn og i penn. Aa utvikle morsmaalet sitt, det er
paa ein prikk aa utvikle seg sjølv.

De som er unge no og kan ta imot sterke innsøkk
fraa det som er uppe i desse tider: eit folk som reiser
seg fraa landsende til landsende og vil vera seg sjølv, leva
sitt eige liv — ja lukkelege er de! Men det krev dykk
te andsvar, kom i hug det.

Ta daa daapen taa dette. Og hugs paa at
ryggmer-gen i eit sjølvstendigt folk er morsmaalet. Paa det er
det at de veks, paa det er det at de naar fram te større
og større klaarsyn og kraft. I eigen kultur i eigne klæde!
Ikkje desse laante fillone fraa Danmark og Tyskland.

All soga vitnar um dette same: at ikkje noko folk
naadde fram te bløming og frukt, eller vart noko tess —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free