- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
82

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fyre og staura etter sprekkar. Daa sokk ein hest beint
ned. Berre hugue synte — han hekk att etter kløvgreiom.
Vi hogg oss ned med øksar og grev, fekk surre han med
reip og drog han upp att. Det var fælt aa sjaa ned i
glupet: vi skimta steinar store som smaa hus, og vatnet
hølja og rann. I den stunda hadde eg visst selt garden
min tusen kroner paa tap, um nokon hadde bode meg.

Og so skulde det under hende meg, at fem aar etter
vart denne vegen ein lystveg som eg stunda etter aa fara.
Eg sov i steinhytta te sola rann, skodde Blakken midt
paa fjellet aaleine, og handsama kløva som ingenting. Slikt
kan livet snu seg for ein! Her strøymde det med helsebot;
eg vilde ikkje mist stølen min for aldri det!

Garden vaar var berre emne te gård daa eg kjøpte
han. Men han laag i fruktstroket, og nauende vakkert til,
veit du. Det hadde nyst vore utskifting, den nye gilde
laaven vaar med mura fjøs under, stod alt ute paa teigen;
og no skulde vi flytja etter aat Skaarberg, under fjellet der,
og byggje stuguhus, stabbur og eldhus. Aa, det var moro
aa leva!

Daa mor di og eg hadde stukke ut tuftene og eg
sette fyrste spadetaket i jorda — paa den vakre flata ovum
sjøen — nei den vaarkvelden gløymer eg ikkje! Gode
venen vaar, han Johannes Lutro, kom smilande og sa:
„Du kan ikkje vera rett lærar som vaagar dette; aa rydje
og byggje ein gård det slit ut sin mann det.“ — „Vi skal
slitast ut,“ sa eg, „so slepp vi ruste. Og i sumar vil eg
vera bjønn.“

Ja, den kveldsola med all glansen det var som Gud
sølv lyste ned aat oss.

So braut vi jord, sprengde Stein, grov tufter og hogg
timmer. Eg kjøpte 100 velduge furor i statsskogen paa
Huse, løypte deim ned, og flota deim paa saga, og skar
upp til plankar og bord. Og husa kom upp paa tvo aar —
hus for tolv tusen kroner. Dette var i 1888 te 1890.“

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free