- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
69

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I DANMARK

Vaaren 1879 gjorde eg ei ferd aat Danmark; og vart
verande der i tvo aar. Um vintrane paa folkehøgskular:
Vallekilde, Testrup, Askov; og um sumrane hjaa bønder
og friskulelærarar. Var millom mange prestar: Hoff,
Hostrup, Birkedal, Otto Møller, Jens Lassen Knudsen, Appel,
Teilmann, o. fl. av Grundtvigs eldste vener. Styrde ein
barneheim nokre maanar; var paa store folkemøte,
skjo-tar- og idrotts-stemnor, marknader, meieri, slakteri,
jord-brukskular, og vart godt kjend. Var like vel mest i hop
med ungdom; eg var berre 28 aar.

Det var eit rikt liv eg kom upp i. For meg,
gud-brandsdølen, vart det mest for sterkt. Dei baade trylte
og skræmde meg. So opne og godtrune ungdomar hadde
eg daa aldri vore i lag med.

Dei levde i eit eige vérlag, desse folk — la meg
kalle det vaaren. Dei var glade og hugheile so det reint
spraka fraa deim. Snilde og morosame stødt. Men naar
dei tala um framtida si og alt dei vilde gjera — daa vart
eg rædd. For eg hadde no vore barnelærar i 8 aar —
gardbrukar attpaa — vore strengt sjuk — og prøvt ein
grand, meinte eg. Skulde ikkje dei faa renne honna av
seg, var det rart.

Nei so leikande ljost som dei saag paa framtida,
desse ungdomane! Dei tok det mest paa smaaborns vis.
Alle skulde gjera noko, alle skulde vera noko. Og det
var ikkje lite heller det. Men trudde gjorde dei, so det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free