- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
31

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

prestlærd! Ja-ja, Breien var streng nok han. Det skulde
vera moro faa desse tvo karane i hop.

Ivar Fykse, ein av dei største bønder, opnå salane i
storbygningen sin og gav skulen fritt hus i tvo eller tri
aar. Sidan kjøpte Bruun jord og gård og bygde Vonheim
ei mil lenger sør, i grannskapet til Per Bø. Per Bø var
ein av dei faae som visste kva denne skulen var og vilde;
han gav timberet til skulen og stod for arbeidet.

Og skulen auka og voks. Dalens beste søner kom
der — gutane um vinteren og gjentone um sumaren —
og fraa Mjøsbygdene og vide vegner. Det saag mest ut
til han hadde teke tyngste taket, og aatte framtida utan
større meir strid. Bruun hadde so god ei tru til dølene.
Um 20 aar maa Gudbrandsdalen vera den fremste dal i
landet, sa han; og hans voner her saag so reint rimelege
ut. Vi gledde oss alle, og mest Per Bø.

Slik ei samling av menner, av krefter, som her kom
saman — i ei bygd, paa ein liten flekk — har det ikkje
vore sét maken til, i vaar soga. Dei strøymde til — og
offerhugen var stor. Dei saag ikkje paa løn og
leve-maate desse folk — det var den heilage missions eld
som dreiv deim saman, som lyste or augo deira og
gjorde deim glade. Dei skjøytte i med eigne midlar og
levde tarveleg. Janson bygsla og bygde, for eigne pengar.
Bruun like eins paa garden sin. Ingvar Bøhn kom med
tvo syster, og bygde. Hit kom Frits Hansen og hans
Ingeborg, fødd Heftye, og leigde seg inn i tarvelege
bonderom paa Toft. Eg minnest godt Bruun sa, at for
henne vart dette livet meir fatigslegt enn for nokon av
oss aa flytja inn i ei hytte og leva paa husmannsvis. For
ho hadde havt kammers-jomfru daa ho voks upp, til aa klæ
baade av og paa seg og til aa hjelpe seg med dei minste
ting. No var ho sin eigen tenar og vilde gjera alt sjølv;
ho hadde vore hjaa mor mi sumaren før og lært koke
bondemat. Hit kom kandidatane Skard — Johannes og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free