- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
23

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Vi vart so glade i Janson, alle. Han gjekk der
imil-lom oss som ein solskins engel, og tala dette vene
vest-landsmaalet med slik sylvklang i munn og mæle, han reint
trylte oss. So lærde han oss aa skrive, og opnå øyro
vaare for form og stil. Og det gjekk so lett, det var
som ingen ting. Ja, dei som hadde best for seg kunde
herme han mest ordrett, daa vaaren kom. Eg gløymer
aldri Janson for den fyrste hjelpa han gav meg her. Det
var ei kostbar hjelp i dei tider. Ingen i Gudbrandsdalen
kunde greidt dette — den gongen — um ikkje Janson hadde
vore.

Aa for eit liv vi levde! i sol og sumar og giede, kvar
den dag, heile vinteren; alltid noko nytt og morosamt.
Vi fekk spele komedi ög. Og gamle mor Bruun, ho
sjølv, var med og lærde oss upp og klædde oss ut; og
Bruun, denne aalvorsmannen, no log han so godt, at vi
knapt kjende han att. Eg fekk vera baade „Pillarviken"
og „Den stundeslause" og „Lensmann Østmo“ — den
siste mykje lenger enn eg ynskte, eg bar namnet heile
vinteren — og ein annan gut, ein liten fin gut, vart
ut-klædd til gjente tvo gonger, um det ikkje var tri.

Vi var nokon sjølvstyrde naturborn mest alle 60—70
gutane hjaa Bruun denne vinteren — eg kanskje meir
enn dei fleste — og det var forunderleg kor denne
skulen og dette samværet gjorde oss frie og glade, og fekk
ut det som budde i oss. Vi synte oss som vi var, skulde
eg meine. Eg trudde paa framtida og paa meg sjølv. I
ordskiftom var eg sanneleg ein av dei sværaste,gtykte eg;
gjekk eg for meg sjølv, kunde eg halda lange talar. Og
eg leit paa Gud og; for han var god og rik og snild,
som ein stor far — og ikkje denne harsette beiske
domaren som Breien hadde gjort han til. Og Jesus var
kanskje den beste av alle, for han var frelsar; det kunde
nok koma vel med naar det kneip.

Stort meir minnest eg ikkje av fyrste skulevinteren

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free