- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
21

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sidan var det 3—4 §ar um aarspengar, val paa styre
og fleire slags embetesmenner, og kva alle desse hadde
aa gjera. Og vi var 70 gutar som skreiv oss inn.

I fyrstninga gjekk det svært. Vi ordskiftest, so at
formannen laut bruka klubba. Og bladet var friskt og
kvast; stundom vart salen i ein einaste laatt.

Men det var paa og gjekk gale. Sume kom halvfulle
aat møtom, og Breien hadde faatt fat i paragrafane vaare,
og preika um oss, so skikkelegt folk mest ikkje torde la
dø tterne koma paa festane vaare. Hadde ikkje han
Per Bø teke seg av oss, so hadde vi kjøyrt oss faste.
Men han saag kjernen i det vi för med, og kom og
hjelpte oss. Han fekk laget upp att, so det gjekk i fleire
aar; og han tok upp maalsaka og, so ho vart meir kjend.

Slikt var det aa vera ungdom i Gausdal den tid eg
voks upp der.

Ei gamall velstands bygd, breid og mett og god —
den fagraste i heile dalen. Ein snild og godsleg — men
sjølvbyrg bondeadel, med mykjen god og mykjen laak
arv, og taumkjøyrd av embetesmennene og
prestgards-kulturen. Mest ingen kristendom, anna enn Breiens
pietisme; i førre ættleden hadde alle kloke folk vore
halve eller heile fritenkjarar. —

Ja gieda var stor den morgonen i oktober 1869, daa
vi tri unge gausdøler sat i karjolom vaare og skulde paa
skulen aat Bruun. Vi piska paa hestane og ropte hurra;
det var fyrste gongen vi skulde ut i verda. Vi hadde 10
mil aa fara.

Eg var full av kjenslor og ljose voner. Men spør
du kva eg vilde paa denne skulen, og kva eg venta meg
av denne rare mannen, som eg alt hadde høyrt so mykje
gildt um, so maa eg svara: Det stod ei i sky for meg.

Berre tvo eller tri gonger hadde eg vore inne i
aalvors-tankar etter eg gjekk og las, det eg kann minnast. Den
eine gongen var daa bror min døydde; daa løyste det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free