- Project Runeberg -  Grundtvig /
28

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

veg: Det livande, munnlege ord vart for honom
beste og tryggaste råda. Det er med Grundtvig
som med Wergeland; dei vilde båe skrive for
folket, vere folkeskaldar; men storhopen forstod dei
ikkje. Desse tvo stormenn likna mykje på
einan-nan, endå so ulike dei var i mange ting. Det er
hjå båe dette vidfemnande, desse store syner, denne
rikdom på bilete, som gjer at dei ofte vert so
van-skelege å fylgje og forstå. Grundtvigs prosastil er
for det meste tung, nedlesst, lange, flokute
setnin-gar og periodar. Slike skrifter vert ikkje det ein
kallar folkelesnad. I Danmark dess meir er
stor-mengda av skriftene hans lite kjende av
ålmu-gen. Men med salmane hans har det seg ikkje
so. Dei er folkelege og kjende og sungne allstad.
Hans salmediktning har skapt ein salmesong i den
danske kyrkja, som det ikkje lett finst maken til.

Han tok tidleg til å skrive salmar og religiöse
songar. Den fyrste vart dikta i stridsåret 1810,
den vene, barnslege salmen, som vi kjenner frå
dei gamle leseb0kene. «Deilig er den Himmel
blaa,» — den siste same året han d0ydde.

Hans salmedikting strekkjer seg soleis over 60
år. I alt har han skrive 1431 salmar —ei samling
på 5 store band. Mange av desse er umsette eller
umskrivne, men stormengda er heilt hans eige
verk. Av Grundtvigs «Sangverk» er 36 salmar
inn-lekne i Landstads salmebok. Han er den st0rste
salmediktar, som har livt i den nyare tid.

Til reformasjonsfesten 1817 umsette han
strids-salmen til Luther: «Eine feste Burg ist unser Gott»
og dikta til det kjende verset: «Guds Ord det er
vort Arvegods.» Ludvig Lindeman dikta
tonar til mange av salmane hans, m. a. til «Kirken
den er et gammelt Hus», soin vel er den mest
storfelte Lindeman har skrive.

Grundtvig var kjserleikens og livsens diktar an-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free